|
”Hjortejakt.com”
. Org.nr.
991 558 519
Utleige av
hjortejakt, sesongen 2011.
Teita /Byrkjelo i
Gloppen kommune, Sogn & Fjordane Fylke.
1km. sør-vest for
Byrkjelo sentrum, 25km frå Sandane Lufthamn, 60km frå
Førde og Stryn.
Kartreferanse: 1318 III
Breim.
Direktefly frå
Gardermoen til Sandane Lufthamn ( ca. 1 time flytid).
Jaktterrenga
(frå 150 - 1.000 moh) :
Jaktområde 1 ( 6.500
dekar) :
Består av 3
jaktfelt : Jaktfelt 1 og 2 er samanhengande jaktfelt (tot. ca. 3.500
dekar,
alle kategoriar løyver) + Jaktfelt 3 (ca. 3.000 dekar, kun
løyver på
kalvar, koller og fjorbukkar) ca. 0,5 km frå dei andre to.
Maksimalt 40%
felling av leigd kvote i Jaktfelt 3.
Jaktområde 2 (7.000
dekar):
Eit samanhengande
jaktfelt (7.000 dekar, alle kategoriar løyver).
Jaktlag leiger
enten jaktområde 1 eller jaktområde 2,
og krav om min 3 løyver pr. jaktlag pr. periode.
Kart med
innteikna postar og trekkruter vert utdelt og gjennomgått ved
ankomst.
Terrenga er prega
av lauvskog med for det meste bjørk og or, og med innslag av
større og mindre
plantefelt av gran. Det er ein del opne beiter i terrenget, og dessutan
mange
bøar langs terrenget. Nederste
halvdel
av terrenget (mot bøane/beiter), er forholdsvis flatt og litt
småkupert, mens
øverste delen er tildels bratt og kupert terreng. Området
har vanlegvis ein
stor hjortestamme, og areal pr. tildelte fellingsløyve er derfor
ca. 260 dekar
pr. løyve. Peridevis vil mange av hjortane stå høgt
i terrenget, og jegerane må
pårekne jakt også i øvre delar av terrenget i desse
periodane.
Fellingsresultat
for 2008 :
Jaktområde 1: 65%
felling, Jaktområde 2: 100% felling.
Utleigejakt ca.
60% felling av leigd kvote.
Jakta 2009 :
Jaktområde 1 :
86% felling, Jaktområde 2 : 90% felling.
Utleigejakt 60%
felling av leigd kvote.
Jakta 2010 :
Jaktområde 1 :
100% felling, Jaktområde 2 : 100% felling.
Utleigejakt ca.
65% felling av leigd kvote.
Dette er eit
variert terreng som eignar seg godt til posteringsjakt, smygjakt og
drivjakt.
Her er svært gode mogelegheitar for bøajakt, skogsjakt og
”fjelljakt” i og over
tregrensa.
Jaktlag kan
evt. også disponere jakt i det andre Jaktområdet enn
det leigde (viss det
ikkje er utleigd). Dette vert styrt av utleigar, og som samjakt med
inntil 3
jegerar frå hjortejakt.com.
Utleigar:
Knut O. Førde
(48år) og ein av grunneigarane i jaktområde 1. Har 31
års erfaring med jakt på
hjort, og med over 200 felte dyr i desse områda. Pedagogisk
utdanning, og
arbeider som lærar i vidaregåande skule, og har delt omsorg
for Malin på 12 år.
Kost
og losji :
Alternativ 1 :
Våningshus m/ kost (gjeld ved leige av
Jaktområde 1)
Saman med
underteikna (og dottera Malin annankvar veke) i delvis restaurert lafta
tømmerhus frå 1909 (ca.
130m2). 7
sengeplassar (4 soverom), 2 stover, nytt kjøkken, varmekablar
på nytt bad,
kjellar med vaskemaskin, tørketrommel,
tørkemogelegheitar, frys, m.m.
Ligg sentralt i
Jaktområde 1. Oppredde sengar når jegerane kjem.
Utleigar serverar
middag kvar ettermiddag/kveld (t.d. hjortekarbonader,
hjortepølser, fjellørret,
gryterett av hjort)
Utleigar held all
mat (alkoholhaldig drikke ikkje inkl.), og leigetakarane inntar alle
måltid, utanom middag, etter prinsippet
”sjølvbetjening”. Anna kan evt. avtalast på
førehand.
Alternativ 2 : Hytte u/ kost
(ca. 1 km
frå Jaktområde 1, og 5 km frå Jaktområde 2).
Overnatting i
hytte ( ca. 40m2) 5 sengeplassar (2 soverom + hems),bad m/varmekablar,
kj.krok
og stove. Leigetakarane held kost og
sengeklede sjølve.
Vask av hytta er
inkl. i prisen. Gjeld begge jaktområda.
Slakteplass:
Eigen slakteplass
på ca. 15m2 som er bygd kun for
dette
formålet, og med flåbenk, taljer, viltposar, knivar, vatn
m.m. ”Heng” for
slaktet før levering på kjølerom.
Ligg sentralt i
tilknytning til Våningshuset i Jaktområde 1 (gjeld for
begge Jaktområda).
Skytebane:
Eiga ”skytebane”
(ved Våningshuset) for kontrollskyting med hjortefigur på
ca. 100m. Standplass
for sitjande og liggande med anlegg. Denne er til fri disposisjon under
heile
oppholdet.
Utleigar ynskjer at alle
jegerar
prøveskyt alle våpen før jakta tar til – dette for
å kontrollere at transport
av våpen ikkje har påverka treffpunktet.
Våpenkort
/ Storviltprøve / Jegeravgiftskort:
Kvar jeger skal
uoppfordra vise desse ved
ankomst.
Desse skal
naturlegvis vere godkjent, og
alle jegerane skal ha med
seg desse på jakt.
Manglar ein
jeger nokon av desse 3 korta, så kan han/ho ikkje delta med
våpen på jakta!
Kjøttkontroll & Partering:
Kjøttkontroll
utført av Mattilsynet + transport av heilt slakt vidare til
godkjent pølsemaker
for modning på kjølerom og partering + lager på frys
i inntil 3 mnd kan ordnast
mot tillegg i pris. Dette bør avtalast på førehand.
Guiding:
Alle jaktlag får
obligatorisk guiding på ca. 2 timar før jakta tar til.
Dette med tanke på
sikkerhet (gjere seg kjend med jaktfelt/valdgrenser), trekkruter og
postar på
kart m.m.
Guiding under
sjølve jakta bør avtalast på førehand.
Ettersøk:
Utleigar er med i
ettersøksring i kommunen, og er ansvarleg for
ettersøkshund ved skadeskyting (ingen
ekstra kostnad for leigetakarane). Eigen ettersøkshund kan
dessverre ikkje nyttast.
Skadeskyting:
Påskotne dyr vert
rekna som felte dyr, og vert trekt frå den betalte kvoten.
Dette er utleigar
sin garanti for seriøs jakt. Ved skadeskyting vert naturlegvis
all anna jakt
stoppa (i det aktuelle jaktområdet) inntil påskote dyr vert
funnet (inntil 48
timar), eller at hundeførar frå ettersøksringen
avsluttar ettersøket. Alle i
jaktlaget pliktar å vere disponible ved ettersøk.
Hundeførar frå
Ettersøksringen er til ein kvar tid ”øverste myndighet”
under ettersøket, og
tar saman med utleigar dei avgjerder som skal takast.
Bruk
av hund:
Bruk av hund er
tillatt, og leigetakarane er sjølve ansvarlege for evt. negative
konsekvensar
dette medfører. Utleigar ynskjer ikkje bruk av hund som losar
langt og lenge
(t.d. drever) – dette pga at hunden kan forstyrre jakta i noboterrenga.
Utleigar har sjølv Wachtelhund (støtande hund) som vert
nytta på evtuelle
felles drivjakter.
Jaktdagar:
3-6 dagar jakt –
ta kontakt for ynskje om dagar og jaktområde.
Innkvartering med
kontrollskyting,gjennomgang av rutinar, kart / guiding, kontroll av
godkjent
skyteprøve for storvilt,våpenkort og jegeravgift m.m.
Når eit jaktlag
har felt leigd kvote, bortfaller resten av leigde jaktdagar.
Anna kan evt.
avtalast på førehand.
MÅNESKINNSJAKT
: Avsatt for jaktlag med
utstyr og erfaring med måneskinsjakt i tillegg til ordinær
jakt.
GJESTEJAKT
: 1-2 jaktperiodar til ”single jegerar” som vert satt saman til eit
felles
jaktlag. Ca. 4 jegerar pr. periode og jaktområde. Første
gjestejeger som inngår
kontrakt bestemmer kvar periode. Gjennomført både i
2007,2008,2009 og 2010 med
gode erfaringar.
Fellingsløyver
og jaktområder :
Det er for
inneverande jaktsesong tildelt 40% vaksne hanndyr (halvparten som
fjorbukkar),
40% vaksne hodyr og 20% kalv.
Eldre bukk kan utgjere maksimalt 1/3 av leigd kvote.
Krav
om min. 3 løyver pr. jaktlag pr. Jaktområde.
Feilskyting
/ ”overskyting”:
Viss det vert
feilskyting/overskyting av leigd kvote
(kontraktsbrot), kan utleigar seie opp den leigde jakta med umiddelbar
verknad.
Utleigar vil så langt råd er, utvise skjønn viss ein
slik situasjon evt. skulle
oppstå.
NB!
Kalv kan fellast på alle typer leigde
løyver.
Utleigar vil
anbefale alle jaktlag å ha godt kommunikasjonsutstyr under jakta.
Dette for ei
meir effektiv jakt, og for å unngå feilskyting/overskyting
av leigd kvote.
Trofè-jakt:
Tilbyr
også guida jakt etter bukk i brøleperioden . Dette er ei heilt spesiell jakt
som ofte gjev
opplevelsar for livet!
1-2 jegerar er
høveleg antal pr. jaktperiode v/ guiding i brøleperioden.
Jakterfaring,
lyssterk kikkertsikte, god
handkikkert, lydlause ”smyg-klede” og
bra fysisk form er ein fordel m.t.p. denne jakta.
Eigne
jaktperiodar er avsatt for dei som ynskjer dette.
Eige opplegg med eller utan guiding, og eige prissystem – ta kontakt om
dette
er av interesse.
Etter ca. 1. mai
vert desse periodane evt. leigd ut
som ordinær jakt.
Guida
jakt:
Tilbyr guida jakt
for jegerar som har litt lite erfaring med hjortejakt – dette som
”ekstrahjelp”
for å felle leigd kvote.
Ta kontakt om
dette er av interesse.
Hjortejakt
for kvinner:
To jaktperiodar
er reservert spesielt for kvinnelege jaktlag. Dersom det ikkje er
interesserte
kvinnelege jegerar (innan ca. 1. april), vert også desse perioden
leigd ut som
dei andre periodane.
Generelt:
Jakta gjeld kun
jakt på hjort (+ and med hagle), og alle skot og felte dyr SKAL
meldast
utleigar så snart som praktisk råd (leigetakarane pliktar
å ha med mobiltelefon
på jakta).
Brot på kontrakta
medfører at leigetakarane mister jaktretten, dvs. kvote og
jaktdagar, utan
refusjon av innbetalt beløp.
Jakta skal foregå
i henhold til gjeldande reglar i våpenlova og viltlova.
Jakta foregår i
avtalt tidsrom, og på grunn av andre jaktlag kan eg (vanlegvis)
dessverre ikkje
tilby ekstra jaktdagar i forlengelse av leigde dagar.
Trådlaust
breiband er innlagt i Våningshuset, så leigetakarane kan
jobbe via medbrakt
bærbar pc under opphaldet (overnattingsalternativ 1).
Kvar enkelt
jeger er sjølv ansvarleg for eiga utøving av jakta (evt.
materielle skadar,
skadeskyting, vådeskot, mm.).
Alkohol og jakt
høyrer ikkje saman, og jegerane pliktar å overholde dette
i form av null
promille på jakt. Utleigar har rett til promillekontroll, og
registrert promille
på jakt vert rekna som kontraktsbrot med umiddelbart avslutta
leigeforhold utan
refusjon av innbetalt beløp som resultat.
Gratis fiske i
god ørretelv på privat fiskerett (ca. 1 km elvestrekning) og andejakt
på området som
tilhøyrer garden inngår i kontrakta.
Rypejakt i fjella
kan også ordnast av utleigar.
Eg tilbyr eit
seriøst opplegg der eg som utleigar vil gjere mitt beste for at
leigetakarane
skal trivast og få gode jaktopplevingar, og dessutan få
gode moglegheitar til å
felle dei dyra dei leiger. Evalueringsresultat for 2008 gav 8,8 poeng (
der
poengscore var 1-10, der 10 var svært førnøgd), og
i 2009 var evalueringa på
8,9 poeng.
2007: Felt ca.
55% av leigd kvote - deriblant ein flott 11-taggar på 120 kg slaktevekt (sjå bilde
på heimesida).
2008 vart
fellingsresultatet 59% av leigde løyver, med 11-taggar på 106 kg som største bukken.
I 2009 vart
fellingsresultatet 60% av leigde løyver. Flott 12-taggar
på 126kg, og 13-taggar
på 92kg som dei to største bukkane.
Jakta 2010 vart
fellingsresultatet ca. 65% av leigde løyver, og det vart felt 2
fine
11-taggarar, og dessutan 2 flotte 12-taggarar !
Nye jaktlag som
ynskjer å leige hjortejakt i desse områda, kan kome
på synfaring av terrenget i
juni månad. Utleigar vil kostnadsfritt (inntil 3 timar) vere med
å vise
terrenget med grenser, kart, postar m.m.
Hjorten er eit
lunefullt og SVÆRT utfordrande vilt å jakte på,
så ingen kan garantere resultat
i form av antal felte dyr. Kunnskap om viltet og terrenget er to
viktige
faktorar som utleigar vil bidra med før og under opphaldet, men
jakterfaring og
antal timar i terrenget pr. jegerdøgn vil likevel vere heilt
avgjerande for
fellingsresultatet. Kun 2-3 timars jakt morgon og kveld vil sjeldan
vere nok
til å felle eit dyr pr. 3-4 jegerdøgn!
Hjortejakt er ei
jakt for den tolmodige og forsiktige jegeren
som er audmjuk nok til å lære undervegs!
Det er ofte mange
spennande og opplevelsesrike timar ”bak” kvar felt hjort!
Eg kan garantere
hjort i terrenga, og eit seriøst opplegg med gode tips om
trekkruter og postar
etter mange års jakterfaring. Overnatting i hus med sjel og
atmosfære frå
tidleg 1900-talet (alt. 1 og 2), og ikkje minst gode naturopplevingar i
vill og
vakker Vestlandsnatur!
Priseksempel
1:
4
jegerar
leiger 1 kalv + 1 kolle + 1 fjorbukk/kolle, og overnattar i hytte (
alt. 2)
i 6 døgn på campingplass.
Pris : kr. 14.460,-
(løyver og overnatting).
Dette
vert kr.
3.615,- pr. jeger for 5 døgn jakt med 6 overnattingar i ca.
6.500 dekar,
dvs.
kr. 723,- pr. jeger pr. døgn ! I
tillegg kjem kg-pris (kr. 73,- pr. kg.
slaktevekt)etter felling.
Priseksempel
2:
4
jegerar
leiger 1 kalv + 1 kolle + 1 fjorbukk/kolle + 1 fritt dyr, og overnattar
i hytte
( alt.2) i 6 døgn på
campingplass.
Pris : kr. 20.360,-
(løyver og overnatting).
Dette
vert kr.
5.090,- pr. jeger for 5 døgn jakt med 6 overnattingar i ca.
6.500 dekar,
dvs.
kr. 1.018,- pr. jeger pr. døgn !
I
tillegg kjem kg-pris (kr. 73,- pr. kg. slaktevekt) og evt
trofè-avgifter etter felling.
Referansar +
resultat frå evalueringa av
jakta 2008, 2009 og 2010 vert oppgitt.
Viser også til bildearkivet
på www.hjortejakt.com
Sjå også :
www.ssb.no/jakt
www.njff-sognogfjordane.no
Seriøse
jegerar/jaktlag kan sende mail til ;
knut.forde@sfj.no
for meir
informasjon, så tar eg kontakt for vidare drøfting.
Jegerhelsing
Knut O. Førde
Tlf. 90 06 12 30
|